Utnytting av ukrainske flyktningar
Skrive av: Judith Åshild Løvgren Auestad
Flyktninghjelpa har analysert alle flyktningkriser som rammar 200 000 menneske eller fleire, og konstatert at det er totalt 41 slike flyktningkriser i verda i dag. I anledning verdas dag for flyktningar 20. juni, rettar Lightupmagasinet denne veka merksemda mot nokre av verdas flyktningkriser, og dei veldig alvorlege konsekvensane menneske på flukt står ovanfor når det kjem til menneskehandel og seksuell utnytting.
Born og vaksne som fluktar frå Ukraina til Noreg no er i ein særs sårbar situasjon då dei har rømt frå alt dei eig, i tillegg til at mange av dei har blitt nøydd til å reise frå mennene sine, som er igjen i Ukraina for å kjempe for landet sitt. I Noreg er det mange som opnar heimane og hjarta sine for å hjelpe. Mange ukrainske flyktningar får tilbod om gratis bustad og transport, men bør også då vere på vakt over kva hensikter dei som tilbyr desse tenestene har. Sårbare menneske er ekstra utsett for menneskehandel då dei treng akutt hjelp og bakpersonane veit at grunnleggande behov som plass å bu, mat og tryggleik er viktig for menneske.
Då politiet 17.mars bestemte seg for å henta flyktningar frå Ukraina var dei førebudd på at flyktningane kunne bli utnytta til menneskehandel, fordi dei er i ein sårbar situasjon (NRK, 2022b)
Politiet i Trøndelag veit at fleire flyktningborn frå Ukraina som har komme til Noreg, har blitt transportert av folk som tidlegare har vore dømt for seksuelle overgrep mot born (NRK, 2022a). I ein artikkel TV 2 skreiv i midten av mars kjem det fram eit døme der ein mann prøvde å komme i kontakt med ei ukrainsk mor som trengte plass å bu, der mannen som tok kontakt var ute etter eit forhold til kvinna, og ikkje å gi eit seriøst butilbod (Hodne m.fl, 2022). Stabssjefen i Oslo politidistrikt, Harald Nilssen, seier om hendinga at dei ser alvorleg på det og at det blir jobba aktivt med tiltak for å forhindre at slike ting skjer. Mellom anna driv dei med auka utlendingskontroll og oppsøking av trafikknutepunkt der flyktningar oppheld seg. Politidirektør Benedicte Bjørnland poengterer også at det er viktig at flyktningane blir registrert, og at det er ekstra viktig å følgje med i bransjar som restaurant, reinhald og jordbruk, der det er mange flyktningar som får jobb (NTB, 2022). Samstundes seier fagansvarleg for menneskehandel i Søraust politidistrikt, Tove Møller, at dei veit at det er nettverk i Tønsberg, Skien og Drammen som driv med menneskehandel mot ukrainske flyktningar (Breivik, 2022).
Eit anna døme på menneskehandel mot ukrainsk flyktning er ein mann i Polen som risikerer 12 år i fengsel for å ha valdteke ein 19 år gamal ukrainsk flyktning som trong ein stad å bu. Offeret kunne ikkje polsk og valde å stole på vedkommande då han tilbaud ho plass å bu, noko politiet avslørte som manipulasjon. Flyktningar som kjem frå Ukraina til Romania blir no møtt med eit åtvarings- skilt for å kunne beskytta seg sjølv, i tillegg til eit nummer du kan ringe om du er i fare (NTB-AP, 2022).
Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE) seier at det det har vore ei femdobling i mengd tilvisingar til den polske hjelpetelefonen for ofre for menneskehandel nokre veker inn i flyktningstraumen frå Ukraina (Dahle, 2022).
Om me er i tvil om nokre flyktningar er i fare for å bli utnytta, er det fleire tiltak me kan gjennomføre for å sikre tryggleiken deira. På grenseovergangar blir det delt ut brosjyrar, og det blir hengt opp informasjonsark med informasjon om menneskehandel for å førebygga utnytting. I Noreg kan me kontakta ROSA eller politiet om det er mistanke om at ukrainske flyktningar eller andre blir utnytta til menneskehandel (sjå kontaktinformasjon og lenker til heimeside nedst i saka ). Det er på den eine sida viktig å påpeike at veldig mange menneske som tilbyr seg å hjelpe ukrainske flyktningar ikkje har onde intensjonar. På den andre sida er det viktig å rette merksemda mot det ansvaret som blir lagt på privatpersonar, når dei blir ansvarlege for å huse flyktningar, og det er også viktig å vere merksemd på at nokre personar kan ha onde intensjonar.
Me i Lightup meiner eit avgjerande tiltak for å hindre seksuell utnytting eller tvangsarbeid er å registrere alle flyktningar som kjem inn i landet og følge dei opp slik at rettane og behova deira blir ivaretatt. Å legge til rette for trygge fluktruter frå naboland som Polen, til Noreg synest me er viktig, særleg med omsyn til born som fluktar aleine. Tidlegare erfaringar visar at relevante humanitære og ideelle organisasjonar såvel som tro- og livssynsorganisasjonar har vore viktige og beskyttande fellesskap for å etablere støttenettverk, som også kan medverka til sjølvhjelp.
Kontaktinformasjon:
ROSA: http://rosa-help.no/
Politiet: https://www.politiet.no/rad/menneskehandel/
Kjeldeliste:
Breivik, E. (2022, 18.april). Politiet får fleire tips om ukrainske flyktningar som blir forsøkt utnytta. VG.no. Politiet får flere tips om ukrainske flyktninger som blir forsøkt utnyttet – VG Nå: Nyhetsdøgnet
Dahle, J. (2022, 24. mars). Statsråden:- Me veit at menneskehandel med ukrainske flyktningar skjer allereie. HRS. Statsråden: – Vi vet at menneskehandel med ukrainske flyktninger… | Human Rights Service
Hodne, A. M, Ødegården, T. E., Ekeland, L., Sharma, S. & Fossheim, K. (2022, 18. april). Irene blei kvalm då ho såg meldinga frå mannen- no åtvarar ho politiet. Tv 2.no. Irena ble kvalm da hun så meldingen fra mannen - nå advarer politiet (tv2.no)
NRK.no. (2022, 17. mars). Regjeringa hentar 5250 ukrainske flyktningar til Noreg. Regjeringa henter 5250 ukrainske flyktningar til Noreg – Siste nytt – NRK
NRK.no. (2022, 1. april). Fryktar utnytting av flyktningar. Frykter utnyttelse av flyktninger – NRK Trøndelag
NTB. (2022, 3. april). Politiet har intensivert arbeidet for å forebygge utnytting av ukrainske flyktningar. ABC Nyheter. Politiet har intensivert arbeidet for å forebygge utnytting av ukrainske flyktninger | ABC Nyheter
NTB-AP. (2022, 13.mars). Stor bekymring over at ukrainarar utnyttast i menneskehandel. Aftenposen.no. Stor bekymring over at ukrainere utnyttes i menneskehandel (aftenposten.no)
Coverbilde: Julie Richard, henta frå Unsplash.com