Ny redaktør i lightupmagasinet

Skrevet av: Judith Åshild Løvgren Auestad



Mars 2022 overtok Melissa Mjåtveit rolla som redaktør i Lightupmagasinet for Thea Myhr.
Melissa er 31 år og kjem frå Bergen, der ho også bur.

Var du med i magasinet før du tok over som redaktør?

-        I forbinding med masteroppgåva mi intervjua eg Lightup Norway og blei imponert over det viktige arbeidet organisasjonen gjer for å spreie kunnskap og informasjon om menneskehandel- problematikk. Den innovative og framtidsretta måten å arbeide på engasjerte og inspirerte meg til å bli frivillig skribent for Lightupmagasinet før eg blei redaktør. No skal eg både vere redaktør og skribent for magasinet.

Mjåtveit nemnar at ein av grunnane til at ho ønskjer å vere redaktør er fordi ho synest det er veldig givande å vere ein del at eit nettmagasin der unge menneskje skriv om tematikk som engasjere dei og samstundes bidrar til å spreie kunnskap om menneskehandel. I tillegg synest ho det er spanande å få ta del i å utvikla magasinet og skape medvit om menneskehandel. Det å få moglegheit til å samarbeide med så mange dyktige og engasjerte menneske i Lightup nemnar ho også som ein grunn til at ho ønskjer å vere redaktør.

 

Kva tenker du at du som redaktør kan bidra med for å utvikle Lightup positivt?

 -        Eg håpar at mitt brennande engasjement for å ta opp den komplekse menneskehandel problematikken vil komme tydeleg fram i magasinet. Kunnskapen eg har tileigna meg gjennom å skrive masteroppgåve i sosialantropologi om menneskehandel i Noreg, håpar eg kan bidra til at magasinet gir lesarane eit djupt innblikk i dei utfordringane me som samfunn står ovanfor for å skape ei verd utan menneskehandel. Ved å arbeide målretta og engasjerande håpar eg at eg kan vere ein bidragsytar til ei positiv utvikling, og til at magasinet sine viktige artiklar kjem ut til mange lesarar.

 

Til slutt har Lightup eit obligatorisk spørsmål; Kva er yndlingskaka di?

-        Eg har to favorittar, sjokoladekake og gulrotkake, og om eg må velje tar eg gjerne eit stykke av kvar.

 

Me i Lightup ønskjer Melissa Mjåtveit lukke til i jobben som redaktør for magasinet og gleder oss over engasjementet ho visar!


Har du tips til saker vi kan skrive om, eller ønsker du å bli frivillig skribent for Lightupmagasinet, ta gjerne kontakt på DM gjennom sosiale medier eller send en e-mail til info@lightup-movement.no.