Skrevet av Judith Auestad
Exposed
Over heile landet har politiet oppdaga ei type gruppe på sosiale medium der barn og unge deler seksualiserte bilder eller videoar av jamnaldrande. I disse “exposed-kontoane” blir barn og unge, noen helt ned i 11-årsalderen, offer for deling av seksuelle videoar og bilete på lukka kontoar på Snapchat, Instagram eller TikTok. Det viser seg at det ofte er born og unge sjølv som driv disse gruppene og at det meste av innhaldet som deles er innsendt av kontoens følgare.
Nakenbilete eller annet seksuelt innhold som opphavleg er sendt til vener hamner på totalt avvege dersom dei spres vidare til ein exposed-konto. Kontoane kan ha mange hundre følgarar. Administratorane for desse kontoane ber om betaling for å følgje, noko politiførstebetjenten i Sør-Vest politidistrikt trur bidrar til at kontoane veks. Nokre grupper har ulike krav for å bli medlem: nokre krev at du må sjølv delar seksuelt innhold, at du dele exposed-kontoane på di eiga profil for å gi dei auka merksemd eller at du brukar snapkontoen din aktivt for å få innpass.
Politiet avslørar
Kripos melder at ei større mengd materiale har blitt grovare over tid. Ifølgje politiet har gruppene som mål å avsløre personar. Å dele overgrepsmateriale er forbode, og kan gje inntil tre år i fengsel om du er over 15 år (over kriminell lågalder), medan deling av valdsvideoar i grove tilfelle kan gje to års fengsel om du er over kriminell lågalder. Politiet får tips frå både føresette og born om videoar som har blitt delt på nettet som dei vil ha fjerna, men politiet seier at dette er ei umogleg oppgåva.
Jostein Dammyr i politiet er bekymra for korleis unge blir traumatisert av å sjå desse videoane. Seksjonsleiar ved Nasjonalt cyberkrimsenter, Lise Matheson, seier at politiet ser at dei som blir utsett for valds- eller overgrepsdeling kan bli mobba, miste vener, få lågt sjølvbilete, utvikle rusproblem og kan, i dei verste tilfella, forsøka å ta sitt eige liv. Roald Andrè Møskeland, politiførstebetjent i Sør-Vest politidistrikt, meiner mange er med på å bygge opp kontoane sine ved at følgjarane må betale for å sjå videoane og bileta. Snapchat steng ned kontoar når dei blir rapportert, men ifølgje Møskeland blir det som regel laga ein ny konto rett etterpå. Difor treng politiet hjelp til å rapportere desse kontoane.
Bekymring for offera si psykiske helse
Konsekvensane for unge som er offer for exposed-kontoar kan vera store. Sterke psykiske reaksjonar ved å miste kontroll på livet sitt når slike bilete er på avvege er vanleg, ein kan utvikle lågt sjølvbilete som i nokre tilfelle kan føre til sjølvmordstankar. Omfanget er stort og politiet treng hjelp til å avsløra og slette kontoane som blir oppretta. Barn skal kunne bruke sosiale medium utan å vere bekymra for om det blir sendt rundt nakenbilete av dei. I Lightup fryktar me at spreiing av nakenbilete og videoar kan resultere i at born og unge byrjar å selje eigenprodusert seksualisert innhald eller bli utnytta av andre til å selje det. Kunnskap om exposed-kontoar trengst å styrkast i befolkninga, inkludert ulovleg bildedeling og korleis born og unge si sjølvkjensle blir påverka av det. Denne praten må foreldre ta med barna sine. Auka kunnskap om dette er utgangspunktet og første steg for å kunne førebygge at fleire blir utnytta via exposed-kontoane.
Kjeldeliste
Kripos (2022, 17. januar). Ny Kripos- rapport: Barn og unge deler grove overgreps- og voldsvideoer for å henge ut medelever i sosiale medier. Politiet. Exposed-rapport – Politiet.no
Trana, O., K. (2022, 21. januar). Barn deler grove overgreps- og voldsvideoer for å henge ut medelever i sosiale medier. amta.no. Nyheter, Politiet i Øst | Barn deler grove overgreps- og voldsvideoer for å henge ut medelever i sosiale medier (amta.no)
Reitz, Kajsa. Novahuset Sverige
Vestly, A., S. (2021, 8. juli). Politiet åtvarar mot «exposing» på Snapchat. NRK Rogaland. Politiet åtvarar mot «exposing» på Snapchat – NRK Rogaland – Lokale nyheter, TV og radio