Lightup Norway

View Original

Barnearbeid under koronapandemien

Skrevet av Judith Auestad

På tjue år har barnearbeid globalt minska med nesten 40%. Koronapandemien true med å forandra på den progresjonen. I kriser der skular blir stengt og tilgangen til sosiale tenester minke, blir fleire barn brukt som arbeidskraft, ifølgje sjef i UNICEF, Henrietta Fore (UNICEF, 2020). Dessverre er dette i mange tilfelle arbeid som går ut over helsa og tryggleiken til barna, som må jobbe lenge timar og under dårlege vilkår. 

Pandemien har ført til ein økonomisk nedgang for fleire bedriftar. Redusert behov for arbeidarar, lågare løn og avvikling av jobbar har ført fleire ut i fattigdom. For å overleve, ser fleire familiar seg nøydd til å sende barna i jobb, og mange av desse blir utnytta i jobben. 

Pandemiens konsekvenser

Barn er sårbare for å bli utnytta og aksepterer formar for arbeid som er dårleg betalt og i dårlege kår. Dei vaksne kan ende med å måtte sende sårbare barn vekk når dei ikkje finn arbeid og går tom for levebrød. Dette gjer det enklare å bli utnytta, spesielt viss familiemedlemar blir omplassert eller separert i tillegg. 

Når grenseområde blir stengt som følgje av Covid-19, kan det påverka dei fattige familiane ved at inflasjonen i prisar går ned medan det er minkande arbeid. Ei nedbryting i handelsnæringa som forminske levestandard vil forverre barnearbeid og forandring i næringslivet kan endre type jobb som er tilgjengeleg. 

Det er vanskeleg å anslå kva som vil skje med industrisamansettinga, men det ser ut som det blir ei auke i ufaglærte arbeidarar innan landbruksvarer og vareproduksjon, i tillegg til at det blir ein lågare vareproduksjon. Under pandemien har mange digital undervisning, men nesten halve verda har ikkje tilgang på internett og mange studentar ligg difor lenger bak. Nedstenginga løftar difor opp mange bekymringar rundt sårbarheita til desse barna. Pandemien har også forårsaka fleire dødsfall blant eldre, og det er ikkje uvanleg at barn tar over jobben til foreldra når dei blir sjuke eller døyr. I enkelte land blir også barn satt til dei vaksne sine jobbar, fordi ein tenker at Covid-19 ikkje påverkar dei unge. (International Labour Organization and United Nations Children’s Fun11111d, 2020). 

Økonomisk nedang påskynder barnearbeid

I husstandar med tapt jobb og økonomi, kan ønsket om å starte nytt føretak påskynde meir barnearbeid. Dette er bevist frå både Malawi, Filippinene og Zambia. Hvor spesielt jenter er sårbare for utnytting innan landbruk, og må kombinere gardsarbeidet med husarbeid som barnepass, matlaging og vasking. Vedtaka som styresmaktene har lagt for kva jobb som er greit for barn og ikkje, blir truga ved økonomisk tap. I til dømes Jordan er landbruk i høg grad uregulert. Nå gjenopnes gardar for produksjon igjen etter koronapandemien kom til landet, ofte utan godkjenning. Her er det mange barn som må bidra med familiane i hardt gardsarbeid. (International Labour Organization and United Nations Children’s Fund, 2020). 

Arbeidet mot eliminering av barnearbeid

Tilbakemeldingar på korleis andre land handterer pandemien visar at dialog innad i landet er viktig. Dette har mellom anna leia til beredskapsdokument for å beherske viruset, styrke finansielle og menneskelege ressursar for helsesektoren, i tillegg til å beskytte jobbar og arbeidarane sine inntekter gjennom einsidig arbeidsledigheit eller kortare arbeidstid forteneste og andre typar av inntektstønad. (International Labour Organization and United Nations Children’s Fund, 2020). 

I år er det internasjonale året for eliminering av barnearbeid. Målet for året er å framstille utfordringane av koronapandemien og få fortgang i prosessen for å, innan 2025, få slutt på all form for barnearbeid. Her trengs alle gode krefter på lag for å få til denne forandringen.



Referanser

Dagens Næringsliv. (2020, 17. September). Covid- 19 har skjøvet 150 millioner barn ut i fattigdom. Covid-19 har skjøvet 150 millioner barn ut i fattigdom | DN

International Labour Organization. (2021, 3. Februar). Music competition launched to raise awareness of child labour. Music competition launched to raise awareness of child labour (ilo.org)

International Labour Organization (u.å), 2021 International Year for the Elimination of Child Labour. 2021 International Year for the Elimination of Child Labour (ilo.org)

International Labour Organization and United Nations Children’s Fund. (2020) COVID- 19 and child labour: A time of crisis, a time to act. COVID-issue-paper-EN-1_4_2-FINAL.pdf

UNICEF. (2020, 11. Juni). COVID- 19 may push millions more children into child labour- ILO and UNICEF. COVID-19 may push millions more children into child labour – ILO and UNICEF